mandag 23. april 2012

Hagebloggerene deler: Seks gode grunner for hvorfor ha høns i hagen + tips til hvordan

Er du litt nysgjerrig på å holde høner i hagen? Elisa som har bloggen BLÅBÆRHAGEN har høner og kjører nå en serie innlegg på egen blogg hvor hun tar opp ulike aspekt ved å ha høner i hagen. Her på Hageblogger.no forteller hun hvorfor de har høner, og så finner du lenke videre til tips til hvordan ha høner nederst i posten.

_____________________oooOOOooo____________________

I Blåbærhagen går me no inn i vårt fjerde år med høns, og kan med handa på hjertet seie at hønsehaldet har levd opp til alle forventningane våre og vel så det. Me er faktisk så nøgde at me har planlagt utviding av hønsehuset i år, og nye tilskot til flokken.

Når me skriv om hønsehald i bloggen, eller snakkar om det blant venner og kjente, støyter me stadig på folk som også ønskjer seg hagehøns. Men mange veit ikkje heilt kva det inneber, og vegrar seg kanskje for alt arbeidet dei ser for seg som følgjer med. Er du ein av dei som drømmer om ein liten fjørfeflokk? Her er seks gode grunnar til å hoppe i det:

1. Egg - ferske, gode, fine egg kvar dag.
God nok grunn i seg sjølv.
2. Ein stad å gjøre av matavfallet. 
Med to små barn i hus er det ikkje til å kome i frå at det blir ein del matrestar til overs i løpet av ein dag. Det kjennest veldig mykje betre å gi dette til hønene enn å kaste det i komposten (eller enno verre – i søpla). Hønene våre tar unna det meste; kjøt, fisk, grønsaker, epleskrottar, brødrestar, kaker, ris og pasta. Får dei spaghetti blir dei spinnville, dei trur det er meitemark (som dei elskar). Dei likar ikkje grønsaksskrell, løk og banan av ein eller annan grunn.

3. Gjødsel
Møkka frå hønsehuset blir omdanna til førsteklasses gjødsel. Me blandar det med hagekompost, lar det ligge eit år til etterkompostering og brukar det som jordforbetring. Svart gull.
4. Skadedyrkontroll
Om hønene får gå fritt i hagen vil dei rote ivrig rundt etter insekt, og det meste går ned på høgkant. Skadedyr eg har sett våre høns ete er småsniglar, kjølmark og kålsommerfugllarvar. Pass berre på at hønene er under oppsyn når dei gjør denne jobben, elles kan det gå ut over plantene!

5. Kos
Det er jo veldig triveleg med høns, og me er glade for at ungane våre kan få leve med desse dyra tett på. Enkelte av våre høner er så tamme at me kan klappe dei, og dei et ut av handa på oss.

6. Pryd - for visst er dei vel fine?

Ulemper: Men kva så med ulempene?
Det er klart at ein tar på seg eit ansvar når ein skaffar dyr, det gjeld også for høns. Du må ha eit forsvarleg hus til dei, du må fore dei og sjå til dei kvar dag, du må ordne pass om du skal reise vekk.

Eg har prøvd å tenke gjennom kor mykje tid me brukar i løpet av ein vanleg dag, og det er jammen ikkje mykje. Om morgonen opnar me luka deira så dei kan gå ut i hønsegarden, og då får dei som regel eit måltid matrester frå dagen før. Om ettermiddagen hentar me egg, og ser til at for- og vassautomat er fylt opp til dagen etter. Det er i grunnen ikkje meir enn det som er nødvendig.

Dei stiller ikkje sosiale krav, dei treng ikkje selskap utover kvarandre. Men om du vil ha dei tamme bør du sjølvsagt tilbringe meir tid med dei, sleppe dei ut i hagen, handfore dei og prate med dei. Men dette er jo vel så mykje kos som jobb. Har du gode for- og vassautomatar kan du fint vere borte ei natt. Skal du vere vekke lengre bør dei ha tilsyn. Ofte kan det vere greitt å alliere seg med ein nabo som kan gi dei mat og passe litt på i byte mot ferske egg. Me er velsigna med ein bror som syns det er fint med pause frå bylivet, han flyttar inn til oss når me reiser vekk og passar på hus og dyr.
Vil du vite meir? Me held for tida på med ein serie om hagehøns der me skriv om våre erfaringar dei siste fire åra.
Hagehilsen fra Elisa i Blåbærhagen

fredag 20. april 2012

Stillingsutlysning: Opplysningskontoret for blomster og planter søker informasjonskonsulent

Lyst til å spre glede og kunnskap om blomster på heltid?

Opplysningskontoret for blomster og planter søker ny informasjonskonsulent, en kreativ og selvstendig person som ønsker å bidra til å spre kunnskap om alle de fantastiske plantene som produseres i Norge.

Vi søker en utadvendt person med relevant faglig bakgrunn med:
* Interesse for og kunnskap om blomster og planter
* God muntlig og skriftlig formidlingsevne
* Erfaring innen informasjons/kommunikasjonsarbeid og kontakt med presse/media


Se hele utlysningen her

mandag 16. april 2012

Hagebloggerene deler: Kjøkenhagen: Eit kvilerom i kvardagen

Nesten alle hager har vel noe spiselig i seg. Et epletre, en bærbusk, noen krydderurter i ei krukke, og kanskje også litt salat. Men noen drar det mye lengre.
Grønnsakshage er en stor hagetrend. Flere og flere får øynene opp for hvor kjekt det er å dyrke sin egen mat, og jeg ser at grønnsakshagen er med på å få hage og balkongeiere som ellers ikke bryr seg om hage til å bli interessert.
Slik som dagens gjesteblogger; Anders.

Anders er utdannet kokk og fersk hageeier, og han blogger om grønnsakshagen sin på FRÅ HAGE TIL MAGE
.

_________________ooo000OOO000ooo_________________

For ganske nøyaktig åtte månader sidan kjøpte eg hus med hage, etter å ha budd dei siste åra i ein leilighet utan så mykje som ein grøn flekk. Huset er frå 50-talet, og har stort oppussingspotensiale, men det var likevel noko anna som fekk meg i sving då me flytta inn: Hagen.

Det me kunne sjå at ein gong i tida hadde vore ein fin og velstelt hage, hadde dei siste åra vakse seg tett og rotete. Eg gjekk drastisk til verks, og bestemte meg for å fjerna det aller meste av planter og tre. Berre frukttrea fekk stå.

Kva kan vel måla seg med gleda av å rusla ut i hagen, kun for å henta seg eit saftig sjølvdyrka eple?

Som de forstår, har eg ikkje mykje røynsle med hagearbeid. Men eg er utdanna kokk, og er over snittet interessert i mat. Allereie før innflytting i nyehuset var planen for hagen klar: Så langt det lar seg gjera skal me berre ha matplanter i hagen.  

Tanken var at om eg kunne sjå på hagen som ein plass å henta deilige råvarer, ville det vera lettare å finna motivasjon til å ordna og stella i hagen.

Og det funkar. Så lenge det ikkje regnar kattar og hundar, startar eg nesten kvar dag med ein rusletur/inspeksjonsrunde i hagen, for å sjå at alt står bra til med urtene, bærbuskane, kaldkomposten, frukttrea og dei nysådde grønsakene og laukane.

Å etablera ein god kjøkenhage - og ikkje minst å halda han ved like seinare - er tidkrevande arbeid. Og ikkje nok med det; uansett kor effektivt ein jobbar, er det til sjuande og sist naturen som avgjer kva tid råvarane blir haustingsklare. Somme planter drøyer og drøyer til ein trur dei har gjeve heilt opp, medan andre, som til dømes rabarbraen, dukkar opp og veks seg stor før du veit ordet av det.

Å hausta ville planter som ramslauk for kultivering i hagen er ein fantastisk familieaktivitet, som absolutt kan anbefalast. Ikkje mykje stress det, nei

Klarare kontrast til den travle kvardagen skal ein leita lenge etter.

For min eigen del er dette ekstra tydeleg, sidan eg jobbar som journalist, og må forhalda meg til såkalla deadline kvar dag. Har eg sagt at den og den saka skal vera klar til klokka 14, SKAL ho også vera det.

Sånn er det ikkje i hagen. Og det er akkurat det som gjer det så deilig. Her fins ikkje tidspress eller hastemøte. Hagen har si eiga tid, om ein har det aldri så travelt så snart hagestøvlane blir parkert.

Spirande kvitlauksfedd er eit vakkert syn. Og så tar det berre eit års tid frå utplanting til ein kan fylla grønsakskjellaren med deilig kvitlauk

Sjå berre på aspargesen - ei av dei flottaste råvarane me sjølv kan dyrka fram i hagen. Den tar det inntil fire år frå ein sår til ein kan starta haustinga av. Til gjengjeld kan ein då hausta deilig asparges i 20-30 år.

Men det er ikkje berre lett heller. For me venner oss jo til den livsstilen me lever. Og med jobb, kone og to born er det eit travelt liv, sjølv om eg enno berre er 25 år. Og med travle liv blir me vant til å ta raske avgjerdsler.

Det funkar ikkje i hagen, og i alle fall ikkje no når eg skal bestemma kor den opphøgde aspargesåkeren skal vera. Me må jo faktisk finna ein plass i den relativt vesle hagen vår som skal få stå i fred dei neste 20-30 åra.

Det er vanskeleg, det.

Hagehilsen fra Anders med Fråhagetilmage

Svenske og danske hageblogger